Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sidemålet 100 år

 (24.05.2007)

I dag, 24. mai, fyller sidemålsordninga hundre år. På denne dagen for hundre år sidan sanksjonerte Stortinget etter lange forhandlingar ei lov som var starten på sidemålsordninga. Jens Kihl, påtroppande leiar i Norsk Målungdom, feirer dagen med ein kronikk i Aftenposten. Den kan du lese her.

Kven vil kva med kven sine språk?

Kulturminister Giske blendar oss alle med sine høge ambisjonar for kulturfeltet. Men kor er ambisjonane for språkstoda i Noreg? Borte?

I dag, 24. mai, fyller sidemålsordninga hundre år. På denne dagen for hundre år sidan sanksjonerte Stortinget etter lange forhandlingar ei lov som var starten på sidemålsordninga. Eit slikt jubileum gir sjølvsagt rom for stadig nye ordskifte om kva plass sidemålet fortener i skulen; om valfridom, tvang og andre moteord. Meir interessant er det kanskje likevel å sjå på kva vi gjer for språka våre, og kva vi vil med dei. Er det viktig å ha ein språkpolitikk? Skal språk koste pengar? Eller skal ein overlate språk til enkeltmennesket?
Norsk stil til eksamen

Då Norigs Maallag blei skipa i 1906, samla organisasjonen seg om hovudkravet «norsk stil til eksamen». Ynsket var å «kløyve mannen, ikkje landet», altså å lære alle båe språka, i staden for å dele landet i ein nynorsk og ein bokmålsk del. Sidan har det truleg ikkje gått ein dag utan at sidemålsordninga har blitt debattert. Oftast har perspektivet tilhøyrd eleven: Kva får ho att for å ha sidemål? Eit anna fruktbart perspektiv er sidemålet som kulturpolitisk virkemiddel. Sidemålsordninga er grunnmuren som gjer det mogleg å krevje til dømes nynorsk i staten. Ved at alle som har gått på skule i Noreg (utanom elevar med særskild fritak) har lært sidemål, kan ein argumentere for at språka skal jamstillast i samfunnet.

Likevel er dette ei jamstilling som aldri har funne stad nokon annan plass enn på papiret. Det er tydeleg at nynorskbrukarar må finne seg i mykje meir enn bokmålsbrukarar, både når det gjeld praktiske utfordringar i kvardagen og kva du må møte av sjikanering mot språket ditt. Denne kvardagen er sjeldan i søkjeljoset, men er ikkje mindre røynleg av den grunn. Vi er vane med å sjå ordet «likestilt» blinke over den norske språkstoda, og likar ikkje å høyre ord som «diskriminering» i staden. Difor er det på denne hundreårsdagen relevant å stille spørsmålet: Kva vil vi med språka våre?

Verne eller fremje?
Vi lever i ei tid som blir omtala som «materialistisk» – det er gjerne lettare å argumentere for slikt som har det praktiske, rasjonelle og økonomiske på si side. Nettopp i ei slik tid er språk- og kulturpolitikk viktig, for å tilby andre verdiar. Men når ein høyrer regjeringa tale om språkpolitikk, handlar det mykje om å «verne» og å «ta vare på», og lite om å «styrkje» eller «fremje». Den offensive språkpolitikken som blei varsla i Soria Moria-erklæringa, kjem tydelegvis til syne gjennom ei oppmoding om å nytte engelsk i stort sett alle delar av akademia. Og når verksemder med staten som største eigar går over til engelsk som arbeidsspråk, kan Giske vanskeleg skulde på andre enn si eiga regjering. Den som kjøpte valflesket om «aktivt statleg eigarskap», har grunn til å kjenne seg snytt.

I Soria Moria-erklæringa kan ein lese at «nynorsk og bokmål er formelt likestilt, men reelt har nynorsk likevel vanskeligere vilkår. Det er derfor særlig viktig å sikre nynorsken gode utviklingsmuligheter». Det er ei fin formulering; berre så synd regjeringa ikkje ser ut til å løfte ein finger for å setje henne ut i live. Nynorsken har ikkje «gode utviklingsmuligheter» så lenge nynorskelevane ikkje får læremidla sine, så lenge staten ikkje oppfyller si eiga lov om 25% nynorsk eller så lenge det ikkje blir gjeve løyvingar til nynorskopplæring for innvandrarar. Sistnemnde gruppe står for ein stor del av folkeauken i nynorskområda, men blir halden utanfor lokalsamfunnet gjennom å lære eit språk dei ikkje kan nytte i nærmiljøet. Kva slags integreringspolitikk er det?

Språk – ei privatsak?
Mange nynorskbrukarar er stolte av språket sitt, og det er ingenting som tyder på at nynorsk er truga. Men dette er likevel eit overflatebilete: For kva med alle dei som byter til bokmål? Dei veit vi lite om, men mykje tyder på at den voldsame overvekta av bokmål i samfunnet rundt oss gjer det vanskeleg å halde på nynorsken. Det kan vere lett å tenkje at dette er privat område. Men summen av språkbruken til samfunnsmedlemene blir til språkbruken i samfunnet, og den vonar eg framleis staten tek eit delandsvar for.

Noreg har alltid vore ein stat som har romma eit språkleg mangfald. Det grunnleggjande for eitkvart levande språk er at det finst menneske som nyttar det, og staten kan sjeldan gjere meir enn å leggje til rette for å gjere dette språkmangfaldet mogleg. Men vi ser ofte at staten står i vegen, gjennom ikkje å vise vilje til å fremje språkmangfaldet gjennom dei kanalane han faktisk rår over. Dei fleste land er opptekne av å stø opp om kulturen sin, og tek konsekvensane av dette. I Noreg har løyvingane retta mot språk gjerne bore preg av å vere avlat til målrørsla, gjennom å spe på med ein million her og der, som plasterlappar på dårleg samvit. Men om ein etterlyser eigne språkambisjonar frå staten, blir det stilt.

Ambisjonar og medvit
Då Språkrådet i 2005 la fram strategidokumentet Norsk i hundre! var mangelen på ein norsk språkpolitikk eit hovudpoeng. Dette kan høyrest paradoksalt ut i Noreg, der språkdebatten har rasa dei siste 150 åra. Men språk sorterer helst under skule og kultur – ein høyrer aldri om ein heilskapleg språkpolitikk for næringsliv, media og samfunnet elles. Når regjeringa skal leggje fram ei stortingsmelding om språk, bør ho innehalde konkrete punkt som partia kan gjere til sin eigen, prioriterte politikk. I tillegg bør vi ha høgare ambisjonar på vegner av vårt eige land enn berre status quo. Korleis vil vi fremje språkmangfaldet, og korleis kan vi leggje til rette for gamle og nye mindretalsspråk?

Språk er nært knytt til mangfald og individuell fridom. Men den statlege språkpolitikken legg opp til einsretting, gjennom å prioritere bokmål og engelsk over heile fjøla. I hundre år har vi freista «kløyve mannen», utan at det har fungert etter planen: folk er framleis anten bokmåls- eller nynorskbrukarar, ikkje både og. Om ein no vil satse på å gjere elevane reelt tospråklege, må det kraftigare satsing til enn eksamensteksthefte med 5% nynorsk. Ein god start kunne jo vere meir medvit og litt høgare ambisjonar.

Jens Kihl
Påtroppande leiar,
Norsk Målungdom

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no