Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stortinget vil ha meir nynorsk

 (29.05.2007)

Det mest omfattande tiltaket på år og dag for auka bruk av nynorsk på høgt nivå: No skal Riksrevisjonen og Sivilombodsmannen også skrive nynorsk, ikkje berre bokmål.
Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget har i dag sluttført innstillingane som handsamar årsmeldingane frå dei forvaltningsorgana som er underlagde Stortinget: Riksrevisjonen, Sivilombodsmannen og EOS-utvalet (Stortinget sitt kontrollorgan for etterrettnings-, overvakings- og tryggleikstenestene).

Nett desse organa er - til liks med Stortinget - "fritekne" for dei pålegga som Lov om målbruk i offentleg teneste (Mållova) har om målbruken i statstenesta. I dag er skriftleg tilfang frå Riksrevisjonen på bokmål, like eins EOS-utvalet sine årsmeldingar og alt det Sivilombodsmannen leverer til Stortinget.

Eit stort fleirtal i kontroll- og konstitusjonskomiteen (Ap + SV + KrF + Sp) pålegg no Riksrevisjonen, Sivilombodsmannen og EOS-utvalet å bruke nynorsk. Komiteen går lengst i forhold til Riksrevisjonen, som også er den største og viktigaste språkprodusenten av desse tre: I årsmeldingar i framtida skal Riksrevisjonen nemleg rapportere om målbruken i året som gjekk. Dette er heilt nytt, og ikkje minst eit ekstra press i retning av ny praksis.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no