Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kristiansandarar på krisekurs

 (01.06.2007)

Ingar Arnøy forklarer vidare til ein ivrig Hallgeir Ljøstad (t.v.) frå tredjeklasse på Katta (Kristiansand Katedralskule) etter at kriseførelesinga for elevane er slutt. (Foto: Borghild Løver)
Tredjeklassingane i Kristiansand har nett fått krisehjelp føre eksamen i sidemål – ikkje av ein psykolog, men av skulemålsskrivaren i Noregs Mållag.

Pinsefredagen sat 150 skuleelevar frå tredje klasse på Katta (Katedralskulen i Kristiansand) og Gimle vidaregåande som tende ljos i auditoriet på HiA (Høgskolen i Agder) fordi dei var så mange at ingen klasserom kunne passe. Tippar dei gjorde eit særs godt inntrykk på høgskolen, då han har rykte på seg for å ha få studentar der om fredagen,--.
Her fekk dei servert Ivar Aasen på sylvfat, med prinsipp og systematikk og ikkje minst eit overtydande innblikk i den eineståande språkevna hans.
-I 1885 vart det vedteke jamstelling mellom nynorsk og bokmål, fortalde førelesar og skulemålsskrivar Ingar Arnøy.
-Men det var faktisk ikkje ei einaste språkleg årsak til dette, slo han fast.
Og viste med ei rekkje døme frå både den tida og notida at det verkeleg var slik.
Det var den norske identiteten og nasjonsbyggjinga som var prosjektet til staten Noreg for over hundre år sidan. Motstandarane av nynorsk nyttar ofte språklege argument for å prøve å kvitte seg med nynorsken – men det har altså aldri vore grunnen til at folk skriv nynorsk.
-Les nynorske bøker, finn nynorske tekstar, rådde han elevane; då er det inga sak å skrive nynorsk!
-Før du skriv språket, så høyrer du det i hovudet, forklarte han. Men har du ingen i nærleiken som talar nynorsk, så må du lese det sjølv, heldt han fram.
I siste halvdel av førelesinga messa Arnøy om substantivbøyging, parverb og samsvarsbøyging så endingane bokstaveleg tala flaug rundt øyro på tilhøyrarane. Det var liten tvil om Arnøy hadde god kontakt med elevane, som kom med spørsmål og innspel til det han førelas.
Hallgeir Ljøstad var misnøgd med karakteren sin i faget, og vona med denne førelesinga å få ei betre forståing for språket og dermed òg ein betre karakter.
Knut Nystad tykte Arnøy var god til å forklare, og vart meir positivt innstilt.
-Eg forstod det han la fram, og gruer ikkje lenger for eksamen, meinte han.
-No trur eg faktisk eg kan klare han!

Førelesinga er slutt, og trengselen er stor rundt Ingar Arnøy for å få siste eksamenstips. (Foto: Borghild Løver)


Borghild Løver
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no