Samferdsleminister Liv Signe Navarsete skjerpar språkreglane for dei statlege aksjeselskapa som ligg under Samferdsledepartementet. Dermed må blant anna Posten og NSB no lage plakatar, brosjyrar og internettsider på nynorsk - slik dei måtte gjere før dei tidlegare institusjonane vart skilt ut som statlege selskap.
- Dette er eit ønskje om å gje nynorskbrukarane eit tilbod. Etter at dei statlege institusjonane vart statlege aksjeselskap, har dei hatt meir romslege rammer. Dei har ikkje alltid vore like flinke til å følge opp språkpolitikken, seier Navarsete til Bergens Tidende.
- Dette har vi arbeidd for i mange år, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag. - Etter at dei statlege institusjonane vart delprivatiserte, vart det fritt fram for språkval. Vi er glade for at Navarsete skjerpar språkkrava. Målet må likevel vere at dette skal gjelde over heile landet og ikkje berre i såkalla nynorskkommunar, seier Myklebust.
Les meir om saka på
Samferdselsdepartementet sin heimesider.