Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Garborg, sykkel og fred

 (02.08.2007)

18. august kan du vera med på Arne Garborgs fredsritt 2007. Føremålet med rittet er å setja fokus på fred, demokrati og menneskerettar.

Starten går frå Bryne torg kl.10.00 til Knudaheio. Turen går innom Arne Garborg si hytte på Knudaheio, der Tarald Oma vil opne rittet. Så ber det vidare til Garborgheimen kor Tarald Oma vil fortelje om Arne Garborg sitt liv. returen går via Oma og Hognestad før ein ender opp på Bryne Torg. Her blir det appell av Ole Kopreitan, song, musikk og dans.
Føremålet med rittet er å setja fokus på fred, demokrati og menneskerettar. Lengde på ruta er 24 km. Alle kan delta - unge som gamle, friske og funksjonshemma. Hugs hjelm.
Deltakaravgift – 50 kr. Barn under 16 år - gratis.

Den 19. august går rittet vidare frå Bryne torg til Hå Gamle Prestegård, stopp på Våland, Gamle Varhaug kapell og vidare på kongevegen til Hå Gamle Prestegård. Sykling tilbake frå Hå Gamle Prestegård til Bryne.
Deltakaravgift – 50 kr. Barn under 16 år - gratis

Mat og drikke kan kjøpast undervegs

Kontakt Tore Nærland for meir info og påmelding.

Ring 51 48 77 77 eller send e-post tore.naerland@brynealle.com innan 10. august

Arr.: Bike For Peace, Norge
www.bikeforpeace.no

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no