Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

I mål for Noreg

 (02.08.2007)

Unionsmarathon 2007 gjekk føre seg 7. juli mellom Rømskog og Östervallskog. I denne tevlinga i grensestroket var ikkje deltakarane berre frå Norge og Sverige. Ein av dei kom jamvel i mål for Noreg.



Det var Rüdiger Welf Neumann (65), opphavleg frå Bjerkreim. Med "Noreg" på ryggen sprang han sin 50. maraton, noko som blir over 210 mil. Så det er litt av ferd mot mål, jamvel om distansen ikkje heilt når opp mot langferda til Ivar Aasen (1842-46), som etter Stephen Walton: Ivar Aasens kropp (1996:22) var på 403 mil. Men i motsetnad til Ivar Aasen, var Neumann grenseoverskridande (bileta 009 og 015). Som kjent var Ivar Aasen aldri utanom landegrensene, jamvel om han sommaren 1853 var ved svenskegresa i Østfold.
Neumann har hatt yrkeslivet sitt i Statistisk Sentralbyrå, Husbanken og Finansdepartementet, der han også har vore oppteken av måljamstelling, og såleis har sett på nynorsken som ein viktig nasjonal verdi. Han hadde derimot ingen sans for at hyttenordmennene på svensk side hadde heist det norske flagget, sa han til lokalpressa etter fullført distanse. Haldninga til nasjonale verdiar heime og ute er vel verd ein ettertanke, kan det leggjast til.

Rüdiger Welf Neumann etter målgang (Foto: Dagfinn Worren)


Dagfinn Worren
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no