Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vaage festspeldiktar i 2008

 (07.08.2007)

(Foto: Oktober)
Lars Amund Vaage blir festspeldiktaren når Nynorsk kultursentrum skipar til Dei Nynorsk Festspela i Volda neste sommar.

Festspeldiktaren blei presentert under ei tilstelling på Ivar Aasens 194. fødselsdag i Ivar Aasen-tunet søndag. – Eg vil gjerne at bøkene mine skal vere vakre, sa Vaage til aasentunet.no. – Musikken er ei stor sak for meg. Det er som eg spelar når eg skriv, og eg trur det er noko songbart ved bøkene mine, sa Vaage etter at han hadde spelt eit preludium av J.S. Bach på flygelet i Aasen-tunet.

Kva Lars Amund Vaage skal gjere under Festspela neste år, blir fastlagt utover hausten og vinteren. – Publikum skal nok få både det dei ventar og noko som overraskar, seier programansvarleg Åshild Widerøe. – Søndag viste denne framifrå forfattaren at han er ein meir enn habil pianist også, og som festspeldiktar skal Vaage prege programmet slik Erna Osland gjorde i år. Dermed blir Festspela ganske ulike frå år til år, seier Widerøe.

Lars Amund Vaage er fødd på Sunde i Sunnhordland i 1952. Han debuterte i 1979 med romanen Øvelse Kald vinter. Han har skrive 15 bøker; romanar, noveller, skodespel, barnebøker og diktsamlingar. I 1995 fekk han Kritikarprisen for romanen Rubato, som han også blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris for, og i 2002 vann han P2-lyttarane sin romanpris for Kunsten å gå. Vaage har fått ei rekkje andre prisar og blir rekna som ein av dei aller fremste og mest kresne stilistane i norsk samtidslitteratur.

aasentunet.no
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no