Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Suksess for Which Witch på nynorsk

 (09.08.2007)

Så langt har over 6000 sett musikalen Which Witch på Håkonshaugen i Lindås. Mellom dei frivillige hjelparane finn ein mållagsmedlemmer.

– Det har gått skikkeleg unna på billettane dei siste dagane, seier pressekontakt Rune Rydland til Avisa Strilen.
– Det er plass til 1100 menneske på kvar framsyning. Alle bilettane til premieren var utselt. Det same gjeld framsyninga no på fredag.
Etter to dagar med kvile er Which Witch gjengen på Seim igjen klar for å entra scena. Det er framleis seks framsyningar att før det heile er over søndag kveld.
Dugnadsgjengen bak Which Witch nyttar også sjansen til å opplysa om at det vert selt mat frå bodar på Håkonshaugen både før framsyninga startar og i pausen. – Me sel både kaffi, sjokolade, lappar, brus og pølser, seier Hege Ramsdal i dugnadsgjengen. Inntekta frå salet går til lag og organisasjonar som jobbar dugnad for Which Witch.
– Me er veldig takksame dersom folk vil støtta laga våre som takk for strevet, seier ho. Dei frivillige kjem mellom anna frå Seim Songkor, Seim musikklag, mållaget og 4H grupper i bygda.

Avisa Strilen / Anne Lise Nordpoll
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no