Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk Wikipedia har passert 25 000 artiklar

 (16.08.2007)

Den nynorsk utgåva av Wikipedia har no passert 25 000 artiklar. Nynorsk Wikipedia passerer 25 000 artiklar. I mai fekk Ranveig Mossige Thattai eit stipend frå Noregs Mållag for å gjera Nynorsk Wikipedia betre å bruka både som kjelde og skrivestad for ungdom.

Artikkel nummer 25 000 handlar om Fallots tetrade (ein kompleks medfødd hjartefeil). Wikipedia er eit internasjonalt prosjekt som produserer frie internettleksikon på mange ulike språk. «Fritt» tyder i denne samanhengen at det er gratis å bruke, alle kan vera med og skrive. Wikipedia finst i mange språkutgåver — den største utgåva er den engelske med nær 2 millonar artiklar. På skandinaviske språk finst det òg utgåver på bokmål (no.wikipedia.org), svensk (sv.wikipedia.org) og dansk (da.wikipedia.org). Nynorsk Wikipedia er verdas 42. største Wikipedia, like stor som dei for gresk, thai og persisk, og, større enn dei for t.d. vietnamesisk, hindi, baskisk og latvisk.

Nær tre tusen skribentar har vore med på dugnadsarbeidet på Nynorsk Wikipedia til no, og fleire kjem til heile tida. Blant skribentane er alle aldersgrupper representerte, mange ulike fagfelt og universitets- og høgskulegrader, og til og med mange land. I tillegg til dei som bur i Noreg, finst det nynorskskribentar i Storbritannia, USA og Australia som har vore med på å skapa denne hittil einaste moderne allkunneboka på nynorsk.

Nettleksikonet ligg på nettadressa nn.wikipedia.org.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no