Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Lindgren på nynorsk

 (22.08.2007)

I haust kjem Astrid Lindgrens Mio, min Mio på nynorsk for første gong. Det er forlaget Damm som gir ut boka. Damm er berre eit av seks forlag som leverer bøker til Blåmann Barnebokklubb i haust.

”Vi har alltid ønskt å kunne tilby nynorske utgåver av Astrid Lindgrens fantastiske bøker, og har lenge hatt ein dialog med Damm om dette”, seier bokklubbredaktør Erle Stokke. I fjor tok Blåmann Barnebokklubb initiativ til ei nynorsk utgåve av Mio, min Mio i samband med Astrid Lindgrens 100-årsjubileum. Damm tende på idéen, og Tove Bakke fekk oppdraget å omsetje boka frå svensk til nynorsk.

Bokklubben har gjort det meir interessant for forlag å gje ut nynorsk barnebøker. Gyldendal, Cappelen, Skald, Mangschou, Samlaget og altså Damm leverer bøker av Astrid Lindgren, Roald Dahl, Rune Belsvik og ein lang rad andre spennande forfattarnamn til bokklubben i haust. ”Dette er den sterkaste hovudboklista vår nokon gong, og fleire av bøkene er direkte resultat av at Blåmann Barnebokklubb finst”, seier bokklubbredaktør Erle Stokke.

Eit av høgdepunkta på haustlista er Charlie og sjokoladefabrikken og Georgs magiske medisin i nynorsk språkdrakt (Gyldendal). Erle Stokke er ikkje snauare enn å slå fast at dei nynorske omsetjingane til Ragnar Hovland er langt betre enn bokmålsomsetjingane. Vidare finn ein den komplette samlinga av Rune Belsviks populære forteljingar om Dustefjerten (Cappelen) og ein stor antologi med nyskrivne godnatthistorier frå Frode Grytten, Brit Bildøen, Ragnar Hovland, Erna Osland og fleire kjende forfattarnamn (Skald). Til hausten kjem Skuggeporten, ei heilt ny bok frå Lene Kaaberbøl, forfattaren av den populære Skammar-serien (Samlaget).

Sjølv om fleire av haustbøkene er store klassikarar, er framleis mesteparten av tilboda i Blåmann Barnebokklubb bøker foreldre ikkje kjenner frå sin eigen barndom, og difor lett går glipp av. ”Vi vil skape gode stunder, både med det som er kjend og kjært, og det som er nytt og spennande”, avsluttar Erle Stokke.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no