Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkrådet vuderer klammeformene

 (24.08.2007)

(Foto: sylfest.no)
På styremøtet 13. september vil Språkrådet ta stilling til ein sluttrevisjon av nynorsk som målform. - Bokmålet har kome inn ein stabil situasjon der det ikkje er behov for noko ny normering på lang tid. Nynorsk er ikkje kome dit enno, seier Lomheim til avisa Nationen.

Noko sakshandsaming er enno ikkje starta, men Lomheim medgir at valfridom og spørsmålet om ein skal halde fram med både hovedform og sideform er noko som vil bli diskutert. I 2001 vart skilet mellom hovudformer og sideformer i bokmål fjerna, altså at klammeformene vart borte. Dette er eitt av alternativa som vil bli gjennomgått på styremøtet 13. september.
Lomheim seier til avisa at han ikkje vil trekkje nokre konklusjonar, men at klammeformene vil vera eit sjølvsagt emne på møtet. Ein eventuell konklusjon vil seinare bli sendt til kulturdepartement. Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, er overraska over at mållaget ikkje er teke med på råd. Normering skal vera emne på haustseminaret 12. - 14. oktober.
- Uansett meiner Mållaget at ein må sjå framover, og finne ut kva om er det beste grunnlaget for at det nynorske språket framleis kan blomstre om 100 år. Reint personleg meiner eg ein bør kutte klammeformene, og at det vil vere til spr åkets fordel med ein strammare målnorm, med tanke på skuleelevar, seier Myklebust til avisa Nationen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no