Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Streika for nynorske læremiddel

 (27.08.2007)

– Øystein Djupedal har svikta nynorskelevane. Difor går elevar ved fleire vidaregåande skular ut i streik i dag, sa Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom, då han inviterte skuleelevar til å seie i frå. Aksjonen har fått stor merksemd.

I samband med streikeaksjonane lanserer Norsk Målungdom og Noregs Mållag eit underskriftsopprop der folk kan gje si støtte til kravet frå elevane.

– Retten til læremiddel på eige språk er heilt grunnleggjande, og det er trist å sjå at Djupedal ikkje tek tak i denne saka, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

– Kampen for nynorske læremiddel er eit grunnleggjande rettferdskrav frå nynorskelevane, og eit krav mange elevar med bokmål som hovudmål sluttar seg til. Statsråden kan ikkje vente – elevane lid under mangel på læremiddel på eige språk for kvar dag som går. I dag har departementet ikkje ein gong oversyn over stoda for nynorskbøkene. Det må det bli ei endring på, krev NMU-leiar Kihl.

Elevar i Sauda, Ørsta, Volda, Voss, Sandane, Kristiansand, Bergen og Oslo gjekk til streik. Streikeaksjonane vil halde fram utover hausten.

– Vi har ikkje tenkt til å gje Djupedal fred i denne saka, avsluttar Myklebust og Kihl.

Sjå oppslag i Sunnmørsposten.

Sjå oppslag på bt.no.

Sjå oppslag på NRK Rogaland sine nettsider.

Sjå oppslag på NRK Hordaland sine nettsider.

Les meir på Målungdomen sine nettsider.

Last ned underskriftsark her.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no