Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Per Gynt-stemnet

 (28.08.2007)

Per Gynt – stemnet på Vinstra er tildelt Pris for offentleg målbruk 2007 frå LNK. I grunngjevinga går det fram at årets vinnar av nynorskprisen i høgste grad er synleg i det offentlege rommet, til trass for at det er noko sesongprega.




Næringsminister Dag Terje Andersen (Ap) delte ut Pris for offentleg målbruk 2007 til Per Gynt – stemnet og Eli Blakstad under årets Vågåseminar. (Foto: LNK)
Prisen for offentleg målbruk vert delt ut annakvart år, og skal gå til ei offentleg verksemd som har gjort eit godt arbeid for nynorsken, eller til einskildpersonar som har utmerka seg.

LNK legg i grunngjevinga for prisen vekt på at stemnet sin bruk av nynorsk som administrasjonsspråk, deira bruk av dialekt under arrangementa og ikkje minst møtet mellom lokal kultur og impulsar utanfrå har vore avgjerande for at dei vert heidra med årets pris.

Administrerande direktør i Peer Gynt as, Eli Blakstad, meiner det er ærefullt å motta prisen, og viser ikkje minst til at den verkar både stimulerande og motiverande for det vidare arbeidet med stemnet.

- Sentralt i Per Gynt-satsinga i Gudbrandsdalen står møtet mellom den lokale Per, og Ibsens Peer. I dette skjeringspunktet er språket, historia og kulturen i dalen viktig. Språket vårt er ein viktig del av den kulturformidlinga me driv med, meiner ho og legg vekt på at festivalen står støtt i Gudbrandsdalen reint kulturelt, i tillegg til at ein vågar å heve blikket og gi stemnet eit internasjonalt preg. Blandinga av nynorsk og engelsk som scene - språk er eit godt døme på stemnets bredde.

Blakstad er ikkje i tvil om at nynorsk er eit eignande språk til formidling.

- Nynorsk formidlar oss, produksjonen vår og det me står for på ein god måte, seier ho, og avviser ikkje tanken på at ein no vil vurdere å utvide bruken av nynorsk i resten av organisasjonen.

- Å bruke nynorsk er flott, meiner ho.

Prisen er eit litografi laga av biletkunstnaren Ørnulf Opdahl og vart delt ut av næringsminister Dag Terje Andersen (Ap) i samband med opninga av Vågåseminaret.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no