Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Etterlyser svar frå Djupedal

 (31.08.2007)

- Torsdag 30. august gjekk fleire tusen elevar over heile landet ut i streik for nynorske læremiddel. Samstundes er kunnskapsminister Øystein Djupedal heilt tyst i denne saka, og sender statssekretæren sin framføre seg. Dette er ein forakt for nynorskelevane som vi ikkje kan godta, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom.

– Det engasjementet vi har sett hjå ungdomane sjølve syner at denne saka er viktig, og statsråden må kome med klare svar på korleis han skal sikre lærebøkene på nynorsk til skulestart neste haust. Vi har freista få Djupedal i tale i denne saka i lang tid, utan å lukkast. Når han ikkje reagerer på kravet frå elevdemonstrantane, verkar det som han ikkje bryr seg i det heile, held Kihl fram.

– Jamvel om det var elevar på vidaregåande skule som gjekk ut i streik, er stoda minst like ille på grunnskulen. Når statssekretær Lisbet Rugtvedt påstår at stoda er betre der, er det anten løgn eller mangel på kunnskap. Dette syner nok ein gong kor skrikande mangelen på oversyn over dette feltet er, forklarar NMU-leiaren.

– Elevane lid kvar dag under mangelen på lærebøker på deira eige språk. Kunnskapsministeren må ta dei over hundre tusen nynorskelevane på alvor. Og kravet er klart: Nynorske læremiddel no!, avslutter Jens Kihl.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no