Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ønskjer kandidatar til Nynorsk næringslivspris

 (04.09.2007)

Noregs Mållag skal dela ut Nynorsk næringslivspris for andre gong. – I fjor gjekk prisen til Lerum AS. Det blir spennande å sjå kven som når opp i år. No inviterer vi alle til å koma med framlegg til gode kandidatar, seier juryleiar Berit Rekve.

Framlegg kan òg omfatta verksemder som nyttar nynorsk, men som ikkje har berre dette som målform.

– Vi tykkjer det er viktig at også verksemder som nyttar nynorsk jamsides med bokmål i marknadskommunikasjonen sin, kan få konkurrera om ei slik utmerking. Dette kan til dømes vera landsfemnande selskap som nyttar nynorsk i dei delane av landet der nynorsk er hovudform, seier Rekve.

Vinnaren vil få høve til å marknadsføra seg gjennom Mållaget sine kanalar. Verksemda får også eit prisvinnarmerke som kan nyttast på nett og i trykksaker.

Prisen blir delt ut i Oslo 8. desember, og fristen for å koma med framlegg er 19. oktober. Framlegg kan sendast inn til nm@nm.no.

Juryen
Berit Rekve, juryleiar, styremedlem (næringslivsansvarleg) i Noregs Mållag, 958 70 611

Jørn Lekve, Bergen, direktør for informasjon og samfunnskontakt Sparebanken Vest

Christian Sulheim, Lom, tidlegare konserndirektør i ICA Norge og bonde, representant
for Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

Anne Karin Sveinall, Trondheim, rektor ved Adolf Øien videregående skole og tidlegare direktør i Fokus Bank

Liv Krumsvik, leiar for Nordmøre Mållag

Les meir om prisen her.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no