Noregs Mållag er godt nøgde med budsjettauken som vart varsla i dag. Regjeringa og Senterpartiet legg opp til ei nynorskpakke på seks millionar friske kroner i statsbudsjettet for 2008. Midlane blir fordelte på fem tiltak og Mållaget vil få 300 000 av desse.
 |
| Dagleg leiar Gro Morken Endresen og parlamentarisk leiar i Senterpartiet Magnhild Meltveit Kleppa (Foto: Jens Kihl) |
- Den sitjande regjeringa har uttrykt mange ambisiøse mål for norsk språk generelt og for nynorsken spesielt. Dei syner på den måten respekt for dei mange hundretusen som har valt nynorsk som sitt språk, sa dagleg leiar i Noreg Mållag, Gro Morken Endresen under ein pressekonferanse i Det Norske Teatret i dag.
- Mållaget tek ofte rolla som vaktbikkje for nynorsken - ikkje fordi vi har lyst, men fordi det trengst. Vi ropar opp når ikkje dei nynorske lærebøkene kjem til rett tid, når ikkje mållova blir følgd og når foreldre seier at kommunen ikkje gjev ungane deira det språktilbodet dei burde få som nynorskelevar i skulen, sa Endresen, som understreka at det ekstra tilskotet ikkje ville gje regjeringa arbeidsro.
- Desse pengane vil setje oss i stand til å følgja opp innsatsen dykkar endå betre neste år og la det ikkje vera den minste tvil om at vi kjem til å bruka sjansen godt, avslutta Endresen.