Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Unge Høgre angrar seg

 (10.09.2007)

(Foto: Unge Høgre)
Under ein skuledebatt i Oslo kalla Stefan Hegglund, sentralstyremedlem i Unge Høgre, nynorsk ein sjukdom. No angrar han seg.

Det var under ein skuledebatt på Persbråten vidaregåande i Oslo 29. august at Heggelund las høgt frå eit lesarbrev skrive på nynorsk. Halvvegs i lesinga snudde han seg mot salen og sa "dette er ikkje dialekt, dette er ein sjukdom". (Sjå opptak av debatten på Youtube.) Dette fekk Målungdomen til å reagere.

- Eg forventar at Unge Høgre tek avstand frå utsegna og klårgjer kva haldning dei eigentleg har til dei 600.000 nynorskbrukarane, sa Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom, før helga.

- Eg kan ikkje godta at ein sentralstyremedlem i eit ungdomsparti kallar språket mitt ein sjukdom. For det fyrste er det djupt fordomsfullt og diskriminerandre. Dessutan er haldningane til nynorsk på Oslo vest dårlege nok frå før. Det er leitt at Unge Høgre spelar på fordomar på denne måten, held Kihl fram.

No får han svar. Til NRK seier Heggelund at det heile var meint som ein spøk.

- Noko av poenget med spøken var jo litt selvironi på min eigen dårlege uttale, men eg forstår at det er mange som ikkje tolka det slik, sa Heggelund.
- Eg har i alle fall ringt og sagt orsak, og har vore innom nokre nettstader der dette har vore reagert på, og lagt igjen kommentarar her og der for å seie orsak til dei som føler seg støtt, sa Heggelund til NRK.

Målungodmen er nøgd med at Heggelund går attende på det han har sagt.

- Det er vel og bra at han no angrar seg. Men gjennom heile valkampen har me sett systematiske åtak på nynorsk både som sidemål og som språk. Dette skaper ein negativ spiral der ein fyrst skapar dårlege haldningar til nynorsk, for så å nytte desse haldningane til å vinne røyster. Dette er stygg måte å debattere på og verkar fordummande. Det verste av alt; åtaka deira går ut over den språklege sjølvtilliten til born og ungdomar som har nynorsk som opplæringsmål. Kva gale har dei gjort Unge Høgre?, spør Kihl.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no