Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Djupedal svarar

 (11.09.2007)

(Foto: Kunnskapsdepartementet)
Kunnskapsminister Øystein Djupedal har fått hard kritikk for ikkje ha gjort nok for å skaffe dei nynorske elevane bøker til skulestart. I eit svar skriv Djupedal at "Vi kan ikkje akseptere at nynorskelevane har dårlegare tilgang til læremiddel enn bokmålselevane."

I ei fast spalte minsteren har på heimesida til Kunnskapsdepartementet, kjem det klårt fram at lyden frå dei streikande elevane har nådd regjeringskorridorane. Han gjev uttrykk for at noko må gjerast.

"I tillegg til å oppmode skoleeigarane om å ta ansvar på læremiddelområdet vil eg syte for at staten følgjer saka tettare opp. Dersom retningslinjene frå staten ikkje er klare nok, må vi gjere dei tydelegare. Betre oversikt over tilgjengelege læremiddel i begge målformene vil gjere det enklare for innkjøparane å bruke innkjøpsmakta si og gjere gode val. Eg vil medverke til at vi får ei slik oversikt. Skolen og skoleeigarane skal følgje lova. Eg vil be Utdanningsdirektoratet om å sjå på kva som kan gjerast for å styrkje tilsynet med at lovparagrafen om læremiddel og målformer blir følgd", skriv Djupedal.

- Det ser ut til at Kunnskapsministeren har motteke den klåre meldinga frå nynorskelevane, og det er flott at han endeleg ser ut til å forstå alvoret i saka, seier leiar i Noregs Mållag Hege Myklebust.

- Målrørsla har i ei årrekkje etterlyst ei "kviteliste" over kva læremiddel som er lovlege, dvs som ligg føre på både nynorsk og bokmål. Djupedal går langt i å lova ei slik liste, og det er me glade for. Me vil halda oppe trykket, og sjå til at han etterlever lovnadene, seier Myklebust.

Les heile ytringa til Djupedal på Kunnskapsdepartementet sine heimesider.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no