Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget vil ha nynorsk talemål i NRK

 (13.09.2007)

Noregs Mållag vil ikkje gje slepp på den normerte nynorsktalen når NRK ynskjer å opna for meir bruk av dialekt.

- Me er glade for at NRK vil gje dialektane ei statusheving ved å bruka dei i fleire programtypar. Særleg mange dialektar frå bygder og byar rundt Oslo har låg status, og det ville vera positivt om desse vart meir brukt. Dette må likevel ikkje gå ut over den delen nynorsk normaltalemål som blir brukt i dag, seier leiar Hege Myklebust. Myklebust meiner at NRK til no har hatt store nok problem med å få sendt dei 25 % nynorsk som vedtektene tilseier, og at auka bruk av dialektar må koma i staden for normert bokmålstale.

Styret i Noregs Mållag seier i ei høyringsfråsegn til NRK at nynorsk normaltale er ei særs viktig ryggstø for dei norske dialektane, og at det er særleg NRK som formidlar normaltalemål i dag. Mållaget ynskjer difor at auka bruk av dialektar ikkje må gå på kostnad av nynorsk normaltalemål.

Samstundes ynskjer Mållaget at NRK i sitt arbeid med ein allmennkringkastingsplakat sørger for meir nynorsk både i den nye barnekanalen, på tekstesida 777 og gjennom å fremja norskspråkleg musikk.

Les heile fråsegna her.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no