Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ulstein Mållag med gode råd til nynorsk marknadsføring

 (14.09.2007)

Ulstein Mållag har gjeve ut eit hefte med om korleis ein kan nytte meir og betre nynorsk i marknadsføring. Heftet har fått namnet "Blest" og er skrive av nestleiar Arild Torvund Olsen.

Målet med heftet er å gjere verksemdene medvitne på språk og å renske ut bokmålsord og -omgrep. Difor har Torvund Olsen samla nyttige ord som skal gjere det enklare å uttrykkje på god nynorsk. Han oppmodar marknadsavdelingane til å til dømes skrive "klede" framfor "klær", "sjølvplukk" framfor "selvbetjening", og "tilbod denne veka" framfor "ukens tilbud".

-Det er viktigare å hjelpe enn å kritisere, seier Arild Torvund Olsen til Vikebladet Vestposten.
- Det skal ikkje så mykje til for å løfte språket opp på eit heilt anna nivå.Vi håper å gjere livet litt lettare for verksemdene.

Ulstein Mållag har sørga for at alle medlemmene i Ulstein Marknadsforum har fått kvart sitt hefte, og understrekar at dette heftet er aktuelt for verksemder over heile landet.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no