Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Haustseminaret 2007

Svolten på debatt?

 (18.09.2007)

Noregs Mållag skipar til haustseminar i Oslo laurdag 13. og sundag 14. oktober 2007 om viktige utfordringar og vegval for målrørsla.

Det er mange spennande og aktuelle emne for Mållaget. Stortingsmeldinga om språk vert truleg lagt fram kring nyttår, ein strategi for nynorsk i skulen vert lagt fram i kjølvatnet av stortingsmeldinga om språk og Landsmøtet i 2006 bad organisasjonen om eit strategi- og ideologiordskifte med konklusjon i 2008. Målet med Haustseminaret er å opne opp for debatt om korleis Mållaget skal arbeide med desse utfordringane.

Seminaret vil finne stad i Oslo, på Håndverkeren kurs- og konferansesenter, Rosenkrantzgate 7. Det kostar 150 kroner pr dag, eller 250 kroner for heile konferansen. Studentar og ungdom kjem inn for halve prisen.

Påmelding: magnus.bernhardsen@nm.no / nm@nm.no
Brev: Noregs Mållag, Postboks 474 Sentrum, 0105 OSLO
Faks: 23 00 29 31
Telefon: 23 00 29 30

Under finn du arbeidsnotat, program og omtale av innleiarane.

Arbeidsnotat:
Notat om normeringa av nynorsk
Notat om skulepolitiske utfordringar
Notat om tospråkleg utdanning

Program:
Laurdag
11.00 Velkomen v/ leiar Hege Myklebust
11.15 Mangfald på norsk v/ Olav Randen
12.00 Ordskifte
13.00 Pause
14.00 Normering
Språkrådet i prosess. Vid eller smal norm. Mange ulike syn. Kva skal Noregs Mållag meine?
v/ Aud Søyland, Arvid Langeland og Rutt Trøite Lorentzen
15.00 Ordskifte
16.00 Skulepolitiske utfordringar
- norskfaget og innvandrarar v/ Jon Todal
- lærarutdanninga v/ Synnøve Skjong
- lovverket v/ Ingar Arnøy
- den tospråklege skulen v/ Elin Bonde
17.15 Ordskifte
18.30 Slutt for dagen

Sundag
09.30 Kva skjer i Sogn og Fjordane?
Kjerneområdet ber i seg mange mytar om «nynorskbrukaren». Korleis står det til med «viljen til språk» der alt er på nynorsk frå før?
I panelet sit Vetle Sande, Hege Lothe, Georg Arnestad og Edvin Helgheim
11.00 Ordskifte
12.00 Pause
13.00 Talemålsarbeid for framtida
- språkreirbarnehagar ein veg å gå? v/ Øystein Skjæveland
- Toyni Tobekk om samarbeid med kommunane
- språkarbeid i barnehagane
13.45 Ordskifte
14.45 Avslutning
15.00 Slutt

Laurdag kveld vert det ikkje noka eiga underhaldning. Derimot tek vi sikte på å samlast på ein pub og ha ein triveleg kveld saman.

Desse er med:
Hege Myklebust er leiar i Noregs Mållag og tilsett ved Høgskulen Stord/Haugesund. Ho var dagleg leiar i Norsk Målungdom frå 1996-98, generalsekretær i Nei til EU frå 1998-01 og dagleg leiar i Noregs Mållag i 2001.

Olav Randen var leiar i Noregs Mållag frå 1994 til 1997. Han er forleggjar for Boksmia forlag, og er dessutan bonde i Hallingdal. Olav Randen har skrive fleire bøker om språk, språkleg og kulturelt mangfald.

Aud Søyland er styremedlem i Noregs Mållag og bur i Valdres. Har vore frilans språkvaskar og omsetjar på full tid sidan 1987. Har oppdrag frå diverse forlag, statsinstitusjonar, tidsskrift og reklamebyrå, fyrst og fremst oppdrag som gjeld nynorsk, men også noko som gjeld bokmål. Er mellom anna fast språkvaskar for Syn og Segn og Norsk Barneblad.

Arvid Langeland er leiar i Voss Mållag. Han arbeider som sjukepleiar og ein av dei hovudtillitsvalde i Helse Bergen HF. Han har i lengre tid vore ein av dei ivrigaste debattantane i normeringsordskiftet i Noregs Mållag.

Rutt Trøite Lorentzen er tidlegare styremedlem i Noregs Mållag. Ho arbeider som høgskulelektor i norsk på Høgskolen i Sør-Trøndelag, avdeling for lærar- og tolkeutdanning. For tida arbeider ho med eit lærarutdanningsprosjekt som siktar mot å styrkje banda mellom teori og praksis: "Samhandling på nettet om studentars praksiserfaringar med første skrive- og leseopplæring".

Jon Todal er styremedlem i Noregs Mållag. Han er førsteamanuensis ved Samisk høgskole/Nordisk samisk institutt i Kautokeino. Han har nyleg levert rapporten og skrive boka "Samisk språk i Svahken Sijte". Dette er eit prosjekt med sørsamisk i ein barnehage i Engerdalen. Prosjektet er gjennomført på oppdrag frå Sametinget.

Synnøve Skjong er førstelektor ved Høgskolen i Oslo. Ho er i gang med eit prosjekt som er kalla: ”Nynorsk i lærarutdanninga, vurdering av eit opplegg knytt til skrivemappe på nynorsk”.

Ingar Arnøy er tilsett som skulemålsskrivar i Noregs Mållag. Sidan 1998 har han hatt heile det skulepolitiske feltet som arbeidsområde. Han har arbeidd spesielt mykje med utfordringane knytte til nynorskundervisninga i grunnskulen.

Vetle Sande går i tredje klasse ved Hafstad vidaregåande skule i Førde. I vår leverte han inn blank tentamen i protest mot dårleg språk i oppgåveteksten.

Edvin Helgheim har vore kultursjef i Flora kommune sidan 1998. Tidlegare journalist og lærar. Har turnert med Rikskonsertane med Jakob Sande-stoff.

Hege Lothe vart tilsett i Noregs Mållag i 2000 som informasjonskonsulent og redaktør i Norsk Tidend. Frå hausten 2003 flytta ho til Sandane og har arbeidd for skrivarstova frå Gloppen Målkontor. Ho har vore styremedlem i Nei til EU frå 1998-04 og generalsekretær i 2004-05 og er nyvald kommunestyremedlem i Gloppen.

Georg Arnestad er forskings- og utviklingsleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og bur i Sogndal. Har arbeidd mykje med kulturfeltet innanfor forsking og er elles ein aktiv og til tider kontroversiell samfunnsdebattant i Sogn og Fjordane.

Toyni Tobekk bur på Hebnes i Suldal. Ho er knytt til Norsk Plan og er redaktør for Pirion - Kulturavis for barnehagar, Magasinett, og LNK-nytt. Toyni skriv også for Startsida.no. Ho har bakgrunn frå nærradio, lokalavis og skule. Har vore dagleg leiar for Ryfylke kunstlag.

Øystein Skjæveland driv eit økologisk småbruk i Kvinnherad, og har starta sitt eige selskap som produserer og distribuerer økologisk is, Isrosa. Han er tidlegare leiar i Hordaland Mållag, og har hatt eit sterkt engasjement for språkarbeid i barnehagar.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no