Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Jon Eikemo får Kulturrådets ærespris

 (18.09.2007)

Foto: Det Norske Teatret
Norsk kulturråds ærespris for 2007 går til skodespelaren, revyartisten og litteratur-formidlaren Jon Eikemo. Norsk kulturråds ærespris blir kvart år delt ut til ein person som har gjort vesentleg innsats for norsk kulturliv. Prisen er på 500 000 kroner.

- Fordi inga oppgåve har vore for stor eller for liten, har Eikemo lukkast i å få ut si kvalitetskunst til eit breitt publikum over heile landet. Han viser at det er mogleg å bruke sitt eige språk på scena, heiter det i Kulturrådets grunngjeving.

Jon Eikemo er fødd i 1939 og kjem frå Breistein i Åsane i Hordaland. Etter utdanning ved Statens teaterskole, der han i 1959 hadde praksis ved Nationaltheatret, debuterte han på Riksteatret i Namsos i 1961 med rolla som Paul i Medmenneske. Han har vore tilsett ved seks av dei fremste teaterscenene i landet; sidan 1978 ved Det Norske Teatret. I tillegg til mange roller på teaterscenene har han hatt eit utal sentrale roller i film, fjernsyn og på revyscener. I 1979 fekk han Spelemannsprisen for Jon Eikemo les Jakob Sande.

- Orda har stor plass i Jon Eikemo si formidling. Å formidle ordkunst slik Eikemo har gjort i snart femti år, er ein ærespris verdig, ikkje minst fordi han har gjort ordkunsten viktig for så mange. Han representerer heile breidda av kunstnarlege uttrykk i nynorsk scenekunst - frå Brecht til Sande, seier Kulturrådets leder, Vigdis Moe Skarstein.

Prisen deles ut i Oslo Konserthus, Lille Sal, torsdag 6. desember kl. 20.00.


(Norsk Kulturråd)
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no