Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskpraktikant i NRK?

 (20.09.2007)

Nynorsk mediesenter i Førde lyser no etter det sjette kullet med nynorskpraktikantar. Søknadsfristen er 1. oktober.

Nynorsk mediesenter i Førde er eit kurs- og opplæringssenter for nynorsk i etermedia, drive av NRK. Føremålet er å auke bruken av dialekt og nynorsk i media. Dei skal rekruttere og lære opp ti nynorskpraktikantar i året, og drive kursverksemd om nynorsk og media.

No lyser dei etter det sjette kullet med nynorskpraktikantar. Dei får lære journalistikk for radio, fjernsyn og Internett og nynorsk eterspråk. Opplæringa skjer i hovudsak gjennom praktisk arbeid i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane. Dei to siste månadane skal praktikantane ha praksis i andre redaksjonar.

Lurer du på noko kan du ringe leiaren Magni Øvrebotten på mobiltelefon 970 55 201 eller kontakte oss på nynorskmediesenter@nrk.no

www.nynorskmediesenter.no

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no