Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Noregs Mållag gratulerer

Snåsa blir tospråkleg

 (20.09.2007)

Som fyrste kommune i det sørsamiske området blir Snåsa tospråkleg frå og med 2008. Dette vil gje stor og fornya kraft i arbeidet med å sikre samisk språk og kultur i det sørsamiske området.

– Det er svært viktig å ta vare på samisk språk og kultur i dei områda det er grunnlag for det. Det sørsamiske området har til no mangla kommunar med tospråkleg status, og det er gledeleg at departementet no vil leggja inn dei midlane som trengst for å få gjennomført dette, seier leiar i Noregs Mållag Hege Myklebust.

– Noregs Mållag har i mange år vore oppteken av å ta vare på og leggja til rette for eit stort språklege og kulturelt mangfald i landet. Me meiner det samiske språket må få så gode vilkår som mogleg, og trur offisiell status som jamstelt bruksspråk er viktig. Til lukke, og lukke til, helsar Mållaget.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no