Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Moren Vesaas heidra med eige frimerke

 (24.09.2007)

I samband med hundreårsjubileet for Halldis Moren Vesaas’ fødsel, vert ho no heidra med eige frimerke.

Frimerket viser eit portrett av Halldis Moren Vesaas og ein tekst frå ”ferdaminne frå sommaren 1985”. Frimerket har ein verdi på 23 kroner og vert utgjeve i 2 millionar eksemplar. Det er formgjevar Gina Rose som har vore ansvarleg for den kunstnariske utforminga. Fotografiet av forfattaren er teke av Rolf Øhman.

- Halldis Moren Vesaas har markert seg som ein stor norsk lyrikar, det er verd ei frimerkeutgjeving, seier Halvor Fasting, direktør for frimerketenesta i Posten.

Halldis Moren Vesaas, fødd og oppvaksen i Trysil i Hedmark, er rekna som ein av Noregs fremste lyrikarar. Litteratur vart tidleg ein viktig del av livet til Moren Vesaas. Allereie som niåring skreiv ho historiar i Norsk Barneblad. I 1934 gifta ho seg med Tarjei Vesaas. Dei busette seg på garden Midtbø i Vinje i Telemark.

22 år gammal debuterte Halldis med diktsamlinga Harpe og dolk (1929). Nye diktsamlingar kom ut i 1930 Morgonen, i 1933 Strender, i 1936 Lykkelege hender, i 1945 Tung tids tale og i 1955 I ein annan skog. Hennar åttande og siste diktsamling, Livshus, kom ut hausten 1995, same året som ho døydde. Forfattarskapen omfattar også barne- og ungdomsbøker, romanen Hildegunn og novellesamlinga Så nær deg.

Pressemelding frå Posten
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no