Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Skuleopprop

 (25.09.2007)

Denne hausten er det mange elevar og lærarar som må venta på nynorske lærebøker som heller ikkje i år var ferdige til skulestart. Mållaget og Målungdomen oppmodar no alle tilsette i skulen om å signere eit opprop om at dette ikkje kan halde fram. Her kan du laste ned underskriftsark.

Norsk Målungdom og fleire tusen elevar har alt vore i streik med krav om å få nynorske læremiddel no, og at Kunnskapsdepartementet lyt ta ansvar.

Øystein Djupedal har svara på aksjonane, og har langt på veg lova å betra situasjonen til neste år. Skuleeigarane som skal kjøpa inn læremiddel, har ei vanskeleg oppgåve så lenge det ikkje finst oversyn over kva læremiddel som finst på både nynorsk og bokmål, og denne oppgåva kan departementet gjera enklare ved å laga ei ”kviteliste” over dei læremidla som oppfyller dette lovpålagde kravet.

Me ynskjer likevel å få endå større styrke bak kravet om nynorske læremiddel til rett tid, difor har Noregs Mållag og Norsk Målungdom sett i gang eit skuleopprop til støtte for kravet.

Me utfordrar alle som arbeider i vidaregåande skular til å stø kravet ved å signera oppropet. Våre lokallag vil ta kontakt med skulane i sine område, og samla inn underskrifter. Dersom de ikkje får besøk av eit lokallag i næraste framtid, set me pris på om de på eiga hand sender oppropet rundt og deretter tilbake til oss.

Ta gjerne kontakt dersom de ynskjer meir materiell eller har spørsmål. Kontakt oss på telefon 23 00 29 30 eller send e-post til magnus.bernhardsen@nm.no Sjå også innom nettsidene for materiell for nedlasting og siste nytt på www.nm.no.

Ferdig underskrivne lister kan sendast til
Noregs Mållag
Boks 474 Sentrum
0105 Oslo

Last ned underskriftsark her (pdf)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no