Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Refseth sluttar i Samlaget

 (28.09.2007)

Foto: Samlaget
Forlagsdirektør Nina Refseth i Det Norske Samlaget vart i dag presentert som sjef for det nye samordna Filminstituttet. Ho byrjar i stillinga 1. april neste år.

Det nye instituttet er ei samanslåing mellom Norsk Filmfond, Norsk Filminstitutt, Norsk Filmutvikling og Filmkommisjonen. Målet er å samordne filminnsatsen her til lands.

Refseth gleder seg stort til å ta fatt på den nye jobben.
-Dette er eit eineståande høve til å leie institusjonar som er interessert i å bli endå sterkare saman, seier Refseth som kallar det drøymejobben.

Ho skal leie 100 tilsette, ha eit driftsbudsjett på 100 milionar og i tillegg ha ansvaret for 300 millonar kroner i statlege tilskotsmidlar.

Styret i Samlaget vil straks gå igang med å finne ein erstattar.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no