Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Solid nynorskbudsjett

 (05.10.2007)

Regjeringa har lagt fram eit budsjett som syner at dei tek den norske språksituasjonen på alvor. Norsk språk har utfordringar fordi det er eit lite språk, og nynorsk som det minste av dei to norske skriftspråka har endå større utfordringar, noko regjeringa viser forståing for.

– Noregs Mållag har fått eit ekstra løft på nærare 0.4 millionar kroner. Vi set svært stor pris på denne løyvinga, og meiner dette er velplasserte pengar når det gjeld å stø nynorsken, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

Regjeringa signaliserer at dei går inn for å etablere ein digital nasjonal kunnskapsbase. Å sikre nynorsken i eit slikt prosjekt er spesielt viktig. Det er også sett av pengar til produksjon av artiklar om nynorsk kulturhistorie på nettet og ekstra løyvingar til støtte for nynorsk litteratur. Dessutan får både Norsk Ordbok, Nynorsk kultursentrum og Det Norske Teatret auka løyvingar for 2008.

Det er også positivt at regjeringa aukar løyvingane til samiske aviser for å bidra til etableringa av ei samisk dagsavis.

For fleire kommentarar:
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, 928 16 136 (m)


Bilete til nedlasting: http://www.nm.no/_filer/hege_myklebust1.jpg


Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no