Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Invitasjon

Open høyring i Stortinget

 (10.10.2007)

Emnet for høyringa torsdag 18. oktober er situasjonen for nynorsk i skulen i dag. Noregs Mållag opplever at mange vil nynorsken vel både på Stortinget og i regjeringa. Trass i dette opplever våre folk ute i skulen at nynorskelevar ikkje får den undervisninga eller dei læremidla dei har krav på. Her finn du meir informasjon om tid, stad og program.

Nynorsk realitetssjekk – situasjonen for nynorsk i skulen

Tid: torsdag 18. oktober kl 16.00 til 18.00
Stad: Stortinget, rom N 303. NB! Inngang frå Prinsensgate.

Påmelding: Vi treng påmelding innan 17. oktober for at Stortinget skal kunna laga til inngangskort. Send påmelding til Gro Morken Endresen, gro.morken@nm.no eller telefon 957 85 560. For meir informasjon kontakt Hege Myklebust, telefon 928 16 136.

Noregs Mållag i samarbeid med Løvebakken Mållag inviterer til ei open høyring på Stortinget der elevar, foreldre og lærarar får lov til å seie kva slag problem dei opplever i kvardagen, og stortingspolitikarar får høve til å diskutere direkte med dei det gjeld – kva tiltak som kan setjast i verk. Kort sagt ein nynorsk realitetssjekk om kva som skjer i skulen nett no.

Mangel på nynorske lærebøker ved skulestart er ei sak som har fått fleire tusen elevar i streik denne hausten. Trass i god kontakt mellom departementet og forlagsbransjen er det ingen som har full oversikt over læreboksituasjonen i ungdomsskulen og i vidaregåande skule.
I skuggen av denne store saka er det fleire forhold som skapar problem i den nynorske skulekvardagen. Vi kjem til å få høyre om problem ved blanding av grupper med nynorsk- og bokmålselevar, nynorskklassar som vert lagt ned fordi skulen manglar kvalifiserte lærarar, mangelfull undervisning av nynorskelevar på både barne- og ungdomssteget, manglande læremiddel, og sidemålsundervisning i fritimar i staden for i skuletida.

Vi vonar det kjem fram ny kunnskap som politikarar og skulebyråkratar vil dra nytte av. Kunnskap som vil vere svært nyttig til dømes i forhold til den varsla stortingsmeldinga om språkopplæring.

Programmet for høyringa
• Randi Einrem, lærar Olderskog skole, Mosjøen: om blanding av elevar med ulikt hovudmål
• Marit Kalland Heyler, mor til elev Singsaker skole: om nedlegging av nynorskklasse på grunn av ukvalifisert lærar
• Lill Bergesen, mor til elev Rosenborg skole, Trondheim: om vilkåra for nynorskelevar i ungdomsskolen
• Bergit Telnes, lærar Seljord ungdomsskule, Seljord: om manglande læremiddel og følgjene av dette
• Andreas Hompland / Tove Lise Granli, foreldre til elevar Sagene skole, Oslo: om blanding av elevar med ulikt hovudmål
• Per Øyvind Bø / Andreas Hedemann, elevar Lambertseter vgs, Oslo: om sidemålsundervisning i midttimen
• Anne Hunderi, mor til elev Krohnengen skole, bergen: om blanding av elevar med ulikt hovudmål
• Sølvi T. Roaldkvam, mor til elevar Orstad skule, Klepp: om blanding av elevar med ulikt hovudmål
• Jostein Avdem Fretland, elev ved Firda vgs / Sandane: om mangel på nynorske lærebøker

• Åsa Elvik, medlem i Løvebakken Mållag, stortingsrepresentant frå Nordland ønskjer vel møtt
• Torfinn Opheim, stortingsrepresentant frå Rogaland vil kommentere saka om blanding av elevar med ulike hovudmål

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no