Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

No er alle i same båt

 (15.10.2007)

- Denne hausten har bokmålselevar opplevd det nynorskelevane opplever kvar haust. Lærebøkene kjem først mange veker etter skulestart. Når bokmålselevar blir ramma, er alle einige om at det er ein skandale, seier Hege Myklebust, leiar i Norges Mållag til Klassekampen.

Torsdag inviterer Noregs Mållag i samarbeid med Løvebakken Mållag til ope høyring på Stortinget om stoda for nynorskelevar i skulen. Målet er syne stortingspolitikarane at brota på opplæringslova no er så mange og grove at dei er nøydde til å ta eit skikkeleg grep.

-Me prøver heile tida å gjere politiske styresmakter klåre over situasjonen til nynorskelevane, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag. -Problemet er at desse saken kjem opp kva for seg, slik at det blir enkelt å avvise dei som einskilde tilfelle og unnatak. Målet med denne høyringa er å syna at nynorskelevane blir utsette for konsekvente lovbrot og at ingen ser ut til å gjere noko med det. Situasjonen er at me har eit for dårleg lovverk som i tillegg blir brote kvar dag. Ein ting er den skammelege læremiddelsituasjonen, noko anna er korleis overgangen frå klassar til grupper har slått urimeleg hardt ut for elevane i nynorskklassar, seier Endresen.

- Opplæringslova slår fast at nynorskelevar og bokmålselevar skal ha dei same rettane. Regjeringa ønskjer å føra ein politikk som er gunstig for nynorsken, og Stortinget er velvillige. I praksis er det likevel store hindringar for nynorsken, seier Hege Myklebust til Klassekampen.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no