Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Verveaksjon til tusen!

 (16.10.2007)

– Det er alltid viktig for Mållaget å ha folk bak seg og med seg i arbeidet, seier leiar i Noregs Mållag Hege Myklebust. - Vi får større gjennomslagskraft dess fleire som er medlemer i laget. Det gjev dessutan nødvendige inntekter til Mållaget, og det gjer organisasjonen sterkare.

Målsetnaden med å verva 1000 nye betalande medlemer er høg, men realistisk. Det tilsvarer om lag 10 prosent nye medlemer. Ideen og framlegget til vedtak kom frå Ørsta Mållag på landsmøtet, og fekk full tilslutning i landsmøtesalen.

– Historia har lært oss at når Mållaget har gode saker, kan vi nå ut til folk. Når folk ser at dei kan stø oss i ei god sak, vil dei gjerne stø organisasjonen ved å verta medlemer. Denne hausten har vi sett i gang ein eigen oppropskampanje for nynorske læremiddel. Dette er ei svært viktig sak, og det er utruleg viktig for nynorsken at kunnskapsministeren tek tak i denne saka. Det er mange som stør oss i kravet om nynorske læremiddel til elevane, og dermed er dette også ei god sak for oss å verva nye medlemer på, seier Myklebust.

Vervepremiar! Revybillett! Bok!
Verv to medlemer og få ein gratisbillett til framsyninga Vestlandsrevyen på Logen i Bergen eller eit eksemplar av boka Viljen til språk av Ottar Grepstad .

Vervinga må skje frå 15. oktober til 13. desember. (utvida frist!)

Viktig! For at vi skal få til dette praktisk, så er du sjølv ansvarleg for å gjera skrivarstova merksam på at du har verva medlemer for få gratisbillett eller bok. Medlemene må betala for at du skal få premien din. (vi tek atterhald om at billettane kan verte utseldt)

Send namn, adresse, og gjerne telefonnummer / e-postadresse til dei nye medlemene til magnus.bernhardsen@nm.no eller ring 23 00 29 30

Hugs å skriva kva vervepremie du ynskjer.

Lukke til!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no