Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vellukka haustseminar

 (16.10.2007)

Gode innleiingar om konkrete problemstillingar kveikte deltakarane på Mållaget sitt haustseminar. Folk tykte det var kjekt å få innleiingar som skapte gode ordskifte gjennom heile helga, i tillegg til at det var lett og god stemning i salen. –Dette er eit av dei beste seminara eg har vore på i målrørsla, sa ein seminardeltakarane Turid Kleiva.

Om lag 80 personar var innom seminaret i Oslo i løpet av laurdag 13. og sundag 14. oktober. Det var eit breitt spekter av emne på seminaret, frå språkmangfaldet i verda til situasjonen for nynorsk i skulen. Det emnet som skapte mest ordskifte, var likevel spørsmålet om korleis nynorsken skal skrivast. Som venta var det mange som meinte mykje, og debatten skal i første omgang gå fram til landsmøtet i Mållaget i april 2008.

Mangfald på norsk
Olav Randen fekk æra av å opne seminaret med ei innleiing med tittelen Mangfald på norsk. Olav Randen la vekt på at Noregs Mållag må ta mangfald på alvor.
– Mållaget må omfemne både samisk, kvensk, bokmål, i tillegg til dei nye minoritetsspråka i Noreg. Mållaget må dyrke mangfaldet i nynorsken. Skriftspråket må bli påverka av korleis folk snakkar, sa Olav Randen. Han peika på at språket må vere til for folket – folket kan ikkje vere til for språket. Dette skapte eit spennande ordskifte. Fleire etterlyste at ein må ha med ein maktanalyse når ein drøftar kven som faktisk har høve til å påverke språket.

Språkmangfald
– Stiller vi alle likt?, spurde Arvid Langeland. Kva med kva klasse vi tilhøyrer eller kvar vi kjem ifrå? Har vi eigentleg alle likt utgangspunkt? Vi har til dømes sterke premissleverandørar som Aftenposten, NTB-ordlista og liknande. Er det mogleg at alle kan vere med å påverke språket med eit slikt mangfald som Olav Randen ser for seg, sa Arvid Langeland, leiar i Voss Mållag. Hege Myklebust sa seg mellom anna samd i at det er viktig å stø opp under språkmangfaldet. Men ho la vekt på at dei som ikkje er språksterke, treng ein normal å stø seg på.
– På grunn av globaliseringa er det meir enn nokon gong press mot den lokale kulturen og språket. I Oslo, som eg kjenner godt, er det mykje politisk press mot nynorsk og mot innvandrarspråka. Det er viktig at vi har ein klar strategi for om til dømes samisk og nynorsk kan stå saman, sa Reza Rezaee.

Kva skjer i Sogn og Fjordane
Programmet på sundag opna med eit ordskifte om stoda i Sogn og Fjordane.
Kultursjef i Flora, Edvin Helgheim, fortalde om at det normalt sterke nynorskfylket berre blir endå sterkare. Ein kan sjå positive trendar både i skulen og i næringslivet. Hege Lothe frå Mållaget understreka òg kor viktig fylket er for nynorsken.
– Alle mindretalsspråk treng domene der språket dominerer og er sjølvsagt. Her er det er ein stor skilnad på Sogn og Fjordane på eine sida, og dei andre vestlandsfylka på hi sida, sa ho. Skuleelev ved Hafstad vidaregåande skule i Førde, Vetle Sande, fortalde at alt ikkje berre er godt. For sjølv om ungdom definerer seg som nynorske og gjerne bruker eldre dialektord enn det som er vanleg, så vert det ikkje brukt godt nok språk på skulen. Han meinte at lærarane i andre fag enn norsk ikkje bryr seg om å bruke eit godt språk. Han meinte også at elevane har problem med å lære nynorsk, fordi malen for kva ein kan skrive er vid, og det er ulikt korleis kvar enkelt lærar rettar prøvene. Georg Arnestad var glad for at Mållaget brukte ein heil seminarføremiddag for å diskutere det nynorske kjerneområdet. Han meinte at Mållaget treng ein strategi for arbeidet m.a. i Sogn og Fjordane, og at det er fleire skjer i sjøen under den nynorske overflata.

Kulturbarnehagen
Deretter hadde Toyni Tobekk og Øystein Skjæveland innlegg om målarbeidet i barnehagane. Pirion held fram med sitt gode informasjonsarbeid, medan Skjeveland fortalde om bakgrunnen for arbeidet med språkreir-barnehagar. Tanken er at ein utelukkande skal nytte dialekt eller nynorsk som talemål, og at alt av songar og bøker skal vere på nynorsk. Skjæveland meinte at det kunne vore ein ide at Mållaget sjølv byrja med barnehagedrift. Sjølv om skepsisen var synleg, vart i det minste frøet henta opp frå sekken.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no