Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vellukka høyring

 (22.10.2007)

Torsdag 18. oktober benka politikarar, embetsfolk og andre interesserte seg i ein høyringssal på Stortinget for å høyre lærarar, elevar og foreldre fortelje om stoda til nynorsken i skulen. Dei fekk høyre at det enno er sjokkerande langt igjen til språkleg jamnstelling.

Med vitnemål frå heile landet, vart det tydeleg at det er nynorsk og nynorskelevane som sit igjen med svarteper i skulen idag. Det er undergraving av retten til nynorskklassar, det er sidemålsundervisning etter skuletid og det er læremiddel som kjem 3-4 månadar etter skulestart.

-Forlaga lever i ein kvardag med knallhard konkurranse der det må vere viktig å halde alle avtalar. Blir det anleis av desse avtalane står i Noregs lover?, spurde Jostein Avdem Fretland, elev ved Firda vgs.

Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag konkluderte med at kvardagen er langt frå så enkel som den burde ha vore både for nynorskelevane og for dei som har nynorsk som sidemål.

Då ho opna for kommentarar tok Åsa Ellvik, stortingsrepresentant for SV og medlem av Utdanningskomiteen, ordet. Ho takka for situasjonsrapportane, og sparka ballen over til Målrørsla.
-Der det er rettar i lova som blir brotne, så er det moglegvis berre eit betre tilsyn som skal til. Men der lova ikkje er godt nok formulert, så vil me gjerne ha konkrete innspel på det. Og er det andre politiske verkemiddel som kan nyttast, som til dømes budsjettmidlar, så vil me gjerne ha innspel på det og, sa Ellvik, og lova ta med seg innspela ho hadde fått på møtet.

-Denne saka har aldri vore nærare ei løysing enn no, sa Ottar Grepstad, som møtte som sekretær for Nynorsk Forum. -Det er snakk om to år, om alle partar gjer jobben sin.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no