Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kringkastingsprisen til Ingerid Stenvold

 (23.10.2007)

Ingerid Stenvold (Foto: Kjartan Helleve)
NRK-journalisten Ingerid Stenvold fekk i dag Kringkastingsprisen 2007. Prisen får ho får å nytte dialekten sin på ein "suveren" måte.

Styreleiar i Kringkastingsringen og dermed juryformann, Håvard B. Øvregård, sa klårt i frå om at dette var ein politisk motivert pris.
-Det er bokmål som er standardspråket i NRK. Nynorsk og dialekt blir berre sett på som artige innslag. Men Ingerid Stenvold nyttar dialekten sin på ein suveren måte og som det stod i i eit av framlegga til hennar kandidatur: "Alle nordmenn vil kjenne igjen ein god del av sin eigen dialekt når Ingerid Stenvold snakkar, distinkt, krystallklart og med fonetisk velklang". I tillegg er ho ein dyktig journalist som fungerer i alle samanhengar, ho framstår som naturleg og kanskje kan ein driste seg til å seie at det skuldast dialektbruken hennar.

Stenvold takka varmt for prisen og fortalde at det var akkurat det naturlege som gjorde at ho institerte så hardt på nytte Målselv-dialekten konsekvent.
-I det eg byrja i NRK, gjorde eg eit medvite val om å halde på talemålet mitt. Og då eg byrja i Dagsrevyen visste eg at eg enten måtte nytte normert bokmål eller normert nynorsk. Men eg tenkte at det var lettare å få tilgjeving enn løyve, så eg sa ingenting før eg kom på lufta. Bråk vart det, men dei greidde ikkje å avgjere kva dei skulle gjere meg med, og mellomtida hadde eg vore med i mange sendingar. Så dermed vart eg eit personleg forsøks-prosjekt. No er eg glad for at dei nye språkreglane i NRK opnar opp for meir dialket.

Sjølv om ho var både stolt og glad, nytta ho høve til å gje eit lite stikk til målrørsla.
-Det er jo eit paradoks at det er frå nynorsktilhengjarar at eg har fått den styrste motstanden mot å nytte dialekt. Eg føler målet mitt ligg like langt frå nynorsk som på bokmål. Dessutan er nynorsk eit skriftspråk, men det er ikkje dialekten min.

Prisen er eit grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no