Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tom Hetland i fekk Nynorsk redaktørpris

 (07.11.2007)

Foto: Eva Marie Mahisen
– Prisvinnaren er ein redaktør som lèt medarbeidarane skriva i den målforma dei ønskjer. Ved at han også sjølv så gjennomført nyttar nynorsk, er sjefredaktøren med og gir eit tryggare rom for nynorsk journalistikk, sa leiar i Mediemållaget, Berit Rekve, då ho delte ut prisen i helga.

Tom Hetland vart sjefredaktør for Stavanger Aftenblad i 2002. Han kom til Aftenbladet i 1986, og vart politisk redaktør i 2000. Hetland er også styremedlem i NTB.
I grunngjevinga frå juryen heiter det at sjefredaktør Tom Hetland trur på språkleg fridom. Han lèt medarbeidarane skriva i den målforma dei ønskjer, og er kjend for å oppmoda folk om å skriva nynorsk. Hetland er også oppteken av at deskmedarbeidarane skal kunna bruka både bokmål og nynorsk. Ved at han også sjølv så gjennomført nyttar nynorsk, er sjefredaktøren med og gir eit tryggare rom for bruk og utvikling av nynorsk i journalistikken.



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no