Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kritiserer Lomheim

 (10.11.2007)

Leiar Jens Kihl i Norsk Målungdom, kritiserer direktør Sylfest Lomheim i Språkrådet for å meine at det er postivt at nynorsk og bokmål nærmar seg kvarandre og blir meir like.
- Som direktør i Norsk Språkråd er han sett til å forvalte eit lovverk som nettopp seier det motsette, nemleg nynorsk og bokmål som to separate språk. Derfor er det uheldig at han uttalar seg slik, seier Kihl til avisa Nationen.

Det var i eit intervju i avisa i samband med at Lomheim lanserer den nye boka si Språkreisa - norsk språkutvikling gjennom 2000 år i neste. På spørsmål om kva Lomheim meiner om at nynorsk og bokmål blir likare og likare, svara han:
- Den utviklinga pågår allereie, og det synest eg er både hyggeleg og naturleg. Det blir eit rikare språk. Når Aftenposten skriv, eller spør nokon om korleis er, brukar dei nynorskord i bokmålstekst. For 50 år sidan var dette utenkeleg. Då kalla dei nynorsk for fjøslatin.

Dette reagerer Kihl på og meiner at Lomheim meiner for mykje:
- Trass i at det er eit fagråd som skal bruke eit halvår på i kva lei nynorsken skal formast, har Språkråds-direktøren allereie teke eit tydeleg standpunkt i saka. I ein debatt på NRKs Kulturnytt meinte han at i-målet heng i ein tynn tråd. Som direktør for Språkrådet meiner han for mykje, seier Kihl til avisa Nationen.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no