Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bustadannonse på nynorsk i Oslo

 (14.11.2007)

Nok ein bastion har falle. Ein våpendragar for nynorsken skal selje eit tre-roms husvære på Rodeløkka i Oslo. Sidan meklaren sjølv er oppteken av saka, var det ingenting som hindra dei i å ha annonseteksten på nynorsk.

– Eg har arbeidd som eigedomsmeklar i 5-6 år, og eg har ikkje sett ein einaste annonse på nynorsk for husvære i Oslo. No var det på tide, seier meklar Paul Mykkeltvedt hjå Privatmegleren.
– Eg har i grunnen hatt lyst til å gjere det lenge, og når no seljaren var såpass oppteken av målsaka, vart valet enkelt. Paul Mykkeltvedt vil ikkje heilt vere med på at dette er eit triks for å lokke til seg kjøparar med nynorsk som hovudmål.
– Men det er ikkje nokon tvil opp dette er noko nytt og at annonsen difor kan få større merksemd, seier Mykkeltvedt.

Sjå lysinga her.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no