Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkrådet må vente med normeringsarbeidet

 (20.11.2007)

13. september vedtok styret i Språkrådet å setja i gang arbeidet med å laga ei tydeleg, enkel og stram nynorsknorm utan sideformer. No trykkjer Kulturdepartementet på bremsene og ber dei vente.

I eit brev som departementet sende til Språkrådet i forrige veke, står det:
"Vi viser til brev av 16. oktober 2007 med orientering om det vedtaket styret gjorde på møte13. september. Det går fram at vedtaket er gjort under føresetnad av godkjenning frå departementet. Departementet tek sikte på å drøfta spørsmål som gjeld nynorskrettskrivinga i den komande språkmeldinga. Det er derfor naturleg at Språkrådet ventar med vidare arbeid i denne saka til etter at meldinga er behandla i Stortinget."
Etter planen skal Språkmeldinga leggjast fram for Stortinget til våren.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no