Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Sidemålsforsøket i Oslo

Satsing på norskfaget gjev betre resultat

 (22.11.2007)

– Oslo kommune dokumenter det som ikkje var vanskeleg å spå, at det å leggje ressursar inn i norskfaget gjev betre resultat. Alle fag som hadde fått tilførd desse ressursane ville fått eit haldningsløft, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.

– I dette prosjektet har dei i tillegg til å kutta ut opplæringa i sidemål innført ei rekkje andre tiltak. Elevane har fått tettare oppfylging gjennom mappevurdering, dei har fått turar i teateret og forfattarbesøk.

– Ein treng ikkje å vere forskar for å forstå at fag som elevane tykkjer er kjekke, har betre resultatet enn dei faga som dei ikkje tykkjer er kjekke, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.
Ho har raskt fått bladd seg gjennom den rykande ferske rapporten frå NIFU STEP. Dei fekk i oppdrag frå Oslo kommune, Utdanningsetaten, å utføre ei forskningsbasert evaluering av forsøket med valfritt sidemål. Forsøket vart sett i gang ved ni vidaregåande skular i Oslo hausten 2004. Eit elevkull ved studieretningane for allmenne, økonomiske og administrative fag, idrettsfag og musikk, dans og drama fikk sjansen til å velje vekk opplæring og vurdering i norsk skriftlig sidemål.

Usamd med byråd
Utdanningsbyråd Torger Ødegård har gått ut i pressa og sagt at dette forsøket syner at det ikkje er bra å ha opplæring i skrifteleg sidemål.
Gro Morken Endresen er usamd:
– Rapporten viser at elevar som har gått på forsøksskulane og valde å ha skriftleg opplæring i sidemål har dei beste karakterane: ”Forsøket hadde en positiv effekt på standpunktkarakteren i norsk skriftlig hovedmål, som tilsvarer 0,146 karakterpoeng. Også elevene ved forsøksskolene, som hadde valgt skriftlig sidemål fikk bedre standpunktkarakter enn det som kunne forventes ut fra andre faglige prestasjoner og andre forhold som har betydning for denne karakteren. For denne gruppen tilsvarte effekten 0,180 karakterpoeng.”

Positiv effekt
– Vi tykkjer at det er det viktigaste funnet. Det stør opp om den påstanden Noregs Mållag heile tida har hatt. Dei elevane som får god oppfølging og solid ressursbruk får betre karakterar enn dei som ikkje vert satsa på. Karakterane har altså ikkje noko med om elevane har skriftleg sidemålsundervisning eller ikkje. Vi tykkjer det påfallande at Torger Ødegård vel å utelate den informasjonen når han oppsummerer forsøket i pressa, seier Gro Morken Endresen.
– Men vert ikkje du også nøgd med at elevane har fått noko betre haldingar til nynorsk?
– Det som har vore målet for Oslo kommune er at elevane skulle få betre haldningar og bli betre i hovudmålet. Men det er ikkje fjerninga av sidemålsundervisninga som fører til at elevane blir betre i hovudmålet. Elevar som har delteke i sidemålforsøk i andre deler av landet, men då hatt meir sidemålsundervisning, har hatt vesentleg betre haldningar og vorte meir positive til nynorsken, seier Gro Morken Endresen. Dette syner ein rapport frå Utdanningsdirektoratet frå i fjor, der det kom fram at meir engasjert undervisning gjer elevane meir positive. ,



Henta frå Norsk Tidend nr. 5 / 2007
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no