Forskningsleiar Nils Vibe ved NIFU STEP likar ikkje måten rapporten dei har laga om sidemålsforsøket i Oslo blir brukt som argument for å innføre forsøket over heile landet.
- Å "forske seg seg fram til" eit grunnlag for endringar i norsk språkpolitikk har ikkje vore ambisjonen for denne evalueringa, seier Vibe til Dagsavisen.
I tillegg stiller han seg kritisk til måten prosjektet vart gjennomført på. NIFU STEP fekk oppdraget med evalueringa i april 2004, og forsøket starta allereie hausten same år.
- Me ser ofte ein tendens til at når politikarar fyrst har bestemt seg, vil dei gjennomføre vedtak veldig fort. Me meiner prosjektet med fordel kunne ha venta eit år. Då kunne forsøket hatt ein bedre forankring mellom lærarane på skulane, seier Vibe til Dagsavisen.
Les meir om saka hjå
Dagsavisen.