Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Personleg verving gjer susen

 (26.11.2007)

– Den tyngda Mållaget kan ha, er avhenging av medlemstal. Aukande medlemstal fortel heile verda at dette er ein organisasjon med styrke og framgang, slår Åsmund Lien fast. Han er nestleiar i Noregs Mållag og medlem i verveutvalet.

Landsmøtet i april vedtok at Mållaget skal setje i gang ein vervekampanje med sikte på å verve 10 prosent nye medlemer fram til landsmøtet i Stavanger i 2008. Det tilsvarer om lag 1000 nye medlemer.

– Korleis går du sjølv fram for å verve medlemer?
– Eg og leiaren i Os Mållag har sett opp ei liste med sytti – åtti namn på folk vi tykkjer bør bli medlem i Mållaget. Vi har skrive eit brev der vi peikar på lokale grunnar til å verte medlem. Vervegiroen skal underskrivast av oss begge, fortel Åsmund Lien. Dette reknar han med skal gje eit bra resultat.
– For nokre veker sidan skipa Os Mållag til den tradisjonsrike bokkvelden saman med Samlaget. Det kom godt over nitti folk. Denne kvelden hadde eg med meg nokre vervegiroar som eg delte ut til fleire folk som vi allereie hadde på lista.

– Korleis reagerte folk når dei fekk ein vervegiro i handa?
– Somme kom omtrent etter meg for å få ein giro, og lurte på om det var berre utvalde som fekk. Det er klart at når det er fullt hus og folk står i kø nedover trappene, så gjer det noko med stemninga. Folk tenkjer at dette er visst viktig, smiler Åsmund Lien.

– Os Mållag har verva ni betalande medlemer til no. Kva tykkjer du?
– Skal vi nå landsmålet på å auke med 10% må nokon verve over dette målet. Eg tykkjer vi bør ha verva minst tjue nye medlemer før vi gjev oss. Os Mållag bør bli over hundre medlemer, seier Åsmund.

– Kva slag ververåd vil du gje til andre mållagsfolk?
– Eg trur at det er viktig å gjere det mest mogleg personleg, for kvar og ein som vert kontakta. Gjerne i vervebrev med giro, på telefonen eller på andre måtar. Eg trur effekten blir større ved slike direkte tiltak. Dessutan må kvart enkelt lag tenkje taktisk. Spørsmålet er kva er det som fengar lokalt. Her i Os er det til dømes viktig å snakke om at Mållaget er oppteke av å ta vare på bygdekulturen, fordi vi kjenner presset av bykulturen. Andre lag kan gjerne finne ut at det er andre ting som er viktige å framheve, seier Åsmund Lien.

Teksten har stått på trykk i Norsk Tidend 5 / 2007.

No kan du få revybillett eller bok som vervepremie. Sjå her!

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no