Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Finn Bergesen jr. deler ut Nynorsk næringslivspris

 (04.12.2007)

Administrerande direktør i NHO, Finn Bergesen jr., deler fyrstekommande torsdag ut Nynorsk næringslivspris på ei tilstelling på Det Norske Teatret i Oslo. Prisen blir delt ut av Noregs Mållag og skal gå til ei verksemd som heilt eller delvis nyttar nynorsk i marknadsføring og anna kundekommunikasjon.

- Det er svært hyggjeleg at Finn Bergesen jr. har teke på seg dette oppdraget, seier Berit Rekve, juryleiar og styremedlem i Noregs Mållag.

Lerum AS vann Nynorsk Næringslivspris i fjor.

Prisen blir delt på Det Norske Teatret torsdag 6. desember kl 10.30.
Musikalsk innslag ved Karl Seglem.

Utdelinga er open for alle.

For meir informasjon kontakt:
Berit Rekve, styremedlem i Noregs Mållag og juryleiar
958 70 611 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no