Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Skattedirektoratet oppdagar mållova

 (12.12.2007)

I løpet av 2007 skal alle kommunar ha gått over til å nytte det nye datasystemet SOFIE, som skal gjere skatteinnkrevinga enklare og meir effektiv. Men etter at Skattedirektoratet har brukt ein milliard kroner på å utvikle systemet, var det ein skatteinnkrevjar i Sykkylven som måtte minne dei på at det i Noreg er å lov å kreve offentlege brev på nynorsk. Men nynorsk brevmalar var ikkje med i systemet, melder Sunnmørsposten.

Planen til direktoratet var at desse brevmalane fyrst skulle kom på plass august neste år. Det var ikkje godt nok for skatteinnkrevjar Arild Bergstrøm i Sykkylven kommune.

- Det er inga enkel sak å purre på skatten på bokmål til ein skattytar som har krav på brev på nynorsk. Dette tydelege brotet på mållova kan ikkje anna enn oppfattast som eit gratispoeng for ein gjenstridig skattebetalar, seier han til avisa Sunnmørsposten.

Sunnmørsposten tok manglande nynorsk opp med Lise Halvorsen i Skattedirektoratet tidleg i november. Ho kunne lova at nynorskversjonen skulle vere klar 1. desember i år.

No har det gått ut rundskriv til skatteoppkrevjarane om at dei fem mest brukte brevmalane vil vere klar også på nynorsk til 15. desember. Dermed skal 90 prosent av nynorskbehovet i etaten vere dekt, meiner Skattedirektoratet.

- Det er naturlegvis ikkje godt nok, men ein må vel seie det er positivt når eit statleg direktoratet snur seg rundt på denne måten. Det viser at det er hjelp i å ta saka opp offentleg, seier Arild Bergstrøm til avisa.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no