Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Utlysing av stipend

 (14.12.2007)

Noregs Mållag lyser ut to stipend à kroner 50 000,-. Prispengane er ei løyving frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Dette er andre året stipenda vert lyst ut.
- Eg håpar på mange søknader i år! Her er det rom for å tenkja nytt og kreativt, og eg håpar særleg ungdom frå heile landet tek utfordringa og søkjer stipendet, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

Retningsliner for stipenda:

Føremål
Føremålet med stipenda er å få fram prosjekt som kan få nynorsken i bruk på område der han frå før har lite rom.

Kriterium for tildeling
Ei kvinne og ein mann skal tildelast eit stipend à kr 50 000,-
Stipendet er eit arbeidsstipend og kan ikkje nyttast til ordinær utdanning eller til reiser. Stipendprosjektet skal vera knytta til utviklingsarbeid som stør opp om målsetjingar for utbreiing av nynorsk på nye arenaer.

Krav til søknad/prosjektbeskriving
- problemstilling og mål
- arbeidsform/metode
- tidsplan
- budsjett
- vedlegg: CV og ev. referansar til tidlegare arbeid

Krav til sluttrapportering
Det skal leverast ein skriftleg sluttrapport (papir og elektronisk) innan fristen. Stipendiatane må stilla seg til disposisjon for framlegging av prosjektet for styret eller andre organ etter nærmare avtale.

Frist for innlevering av søknad med prosjektbeskriving
15. februar 2008

Styret i Noregs Mållag er stipendnemnd. Styret tek sikte på å kunngjere kven som har fått tildelt stipend i løpet av mars 2008. Frist for innlevering av ferdig prosjekt er sett til 1. oktober 2008.

Styremedlemmer og tilsette i Noregs Mållag kan ikkje søkja stipendet.

For meir informasjon:
Ta kontakt med Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, 928 16 136 (m) eller på e-post.

I 2007 var det An10 Boyband og Rannveig Mossige Thattai som fekk tildelt kvart sitt stipend på 50 000 kroner.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no