Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Jenter gjorde reint bord i novelletevling

 (19.12.2007)

Sofie Madelene Eide frå Kongsbakken VGS gjekk heilt til topps i Troms Mållag si novelletevling som dei skipar til i samarbeid med avisa Nordlys. Med Ida Ramberg frå Breivika VGS og Ingrid Agnete Medby frå Kongsbakken på dei neste plassane, gjorde jentene reint bord.

Vinnarnovella var "Haustregn" handlar om ei mor og hennar son like etter at den valdlege faren har reist frå dei. Med ei intens nerve og eit rikt biletspråk skjøner ein kor fint båe tykkjer det er. Forfattaren fortel til Bladet Tromsø at inspirasjonen kom brått og uventa.
- Eg vakna midt på natta med ein visjon, tende ljoset og skreiv ned stikkord i full fart. Dagen etter var novella der, fortalde Eide etter prisutdelinga i Tromsø.
Eide fortel til Bladet Tromsø at ho sikkert kjem til å halde fram med skrivinga, om det så blir drama eller fleire noveller.
I juryen sat Hilde Katrine Eriksen, redaktør i Nordnorsk Magasin, Tove Indregard, lektor i norsk ved Kongsbakken VGS og Bjørg Strand, lektor ved Tromsdalen VGS.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no