Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

God jul frå Mållaget

 (20.12.2007)

Noregs Mållag har no teke til på dei neste 100 åra etter jubileumet i fjor. Det manglar ikkje på utfordringar, men samstundes er det mykje å gle seg over for oss målfolk. Me kan sjå at stadig fleire brukar nynorsk til å marknadsføra sine produkt og verksemder, fleire skriftlege media brukar meir nynorsk enn før, og nynorsk barne-TV er ein suksess, om enn alt for lite utbreidd enno.

Noregs Mållag vil takka alle som har gjort ein innsats, stor eller liten, for nynorsken i 2007. Me treng kvar ein av dykk med oss vidare, og om me i tillegg kan få endå fleire av dei som er glade i nynorsken til å organisera seg i målrørsla i året som kjem, vil me stå så mykje sterkare når me skal syta for at nynorsken får den plassen han skal ha i utdanninga og i samfunnet elles.

Me ynskjer deg ei fin og fredeleg jul, og alt det beste i det nye året.

Beste helsing
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag

***
I romjula tek staben på Noregs Mållag julefri. Viss du har ei sak du vil ta opp som hastar, kontakt enten Gro Morken Endresen, Hege Myklebust eller Åsmund Lien. Skrivarstova vert i vanleg drift att, frå 2. januar 2008.


Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no