Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Godt år for Nynorsk Kultursentrum

 (07.01.2008)

Foto: Torgeir Dimmen / Nynorsk kultursentrum 2004
– Med nesten 200 arrangement og utstillingar i 26 kommunar landet rundt i 2007 har Nynorsk kultursentrum festa grepet som nasjonal kulturinstitusjon, fortel direktør Ottar Grepstad på Aasentunet si nettside.

Sidan opninga i 2000 har det nynorske dokumentasjons- og opplevingssenteret på Sunnmøre vore til stades i 90 kommunar i 17 fylke. Mange av desse er bokmålskommunar eller språknøytrale.

Ny utescene står ferdig i april
I april blir ei flunkande ny utescene teken i bruk i Ivar Aasen-tunet. Scena blir bygd i glas og stål, og det går med 18 tonn stål i konstruksjonen som truleg gjer Ivar Aasen-tunet til det einaste museet med moderne hovudbygning og moderne uteamfi med eiga scene.
– Utescena blir den siste juvelen i Sverre Fehns smykke, seier Grepstad.
Kronprinsfamilien er invitert til å opne den nye utescena og plante ny tunbjørk i Aasen-tunet. Svar er venta før påske.

Meir internasjonal basisutstilling
Fornyinga av basisutstillinga i Ivar Aasen-tunet held fram i 2008. Særleg det internasjonale perspektivet i utstillinga blir no mykje sterkare. – Vi gler oss til å vise publikum noko som ingen har sett før, og som blir eitt av dei viktigaste bidraga våre i Mangfaldsåret 2008, seier Grepstad.
Den nye basisutstillinga er truleg klar til Dei Nynorske Festspela, som opnar 25. juni.
– Festspela er viktige for det nynorske språket, har høg kunstnarleg kvalitet og god publikumsoppslutning, sa Trond Giske då han la fram kulturbudsjettet for 2008 og auka løyvinga nettopp til denne festivalen. Den satsinga skal kome mange tusen gjester og fleire hundre utøvarar til gode.

Les heile saka på Assentunet si nettside.

Nynorsk Kultursentrum
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no