Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil at innvandrarane skal lære samisk

 (08.01.2008)

- Sett ut frå perspektivet om at samisk og norsk er jamnstelte språk, så skulle det i realiteten ikkje vere noko problem at innvandrarane får lære seg samisk istadenfor norsk. Særleg om dei skal bu i lokalsamfunn der ein nyttar samisk i daglegtalen, seier Randi Skum, parlamentarisk leiar i Norske Samers Riksforbund til NRK Nordnytt.

Innvandrarar skal gjennom eit 300 timars kurs om norsk språk og samfunnsliv. Ein innflyttar til ein samisk kommune ville ta dette kurset på samisk. Etter ein runde i fleire offentlege instansar har Arbeids- og Integreringsdepartementet konkludert med at det får han ikkje lov til. Han må ta kurset på norsk. Skum vil no at Sametinget tek opp saka med departementet.

Framstegspartiet sin talsperson i både innvandrings- og samesaker, Per Willy Amundsen, stiller seg uforståande til at ein i det heile tek opp problemstillinga.
- Jobb nummer ein er å lære seg norsk. Om ein derimot skal lære seg samisk i staden, så seier det seg sjølv at det er å skape taparar mellom innvandrarane, som ikkje vil lykkast i det norske samfunnet. Eg oppfattar problemstillinga som useriøs, og at ein ikkje har den fulle innsikta i kva norsk integreringspolitikk dreier seg om, seier Amundsen til NRK Nordnytt.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no