Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Takk til Aasmund Olavsson Vinje

 (09.01.2008)

I 1984 vart 50-lappen med sjølvaste Aasmund Olavsson Vinje på, laga for fyrste gong. Den gongen vekte det sterke reaksjonar at 50-lappen skulle få eit slikt ”nynorskstempel”.

Dåverande styremedlem i Noregs Mållag, Astrid Versto, poserte saman med 50-lappen og oppfordra folk som ikkje ville ha noko med denne 50-lappen å gjere – om å sende den rett til Noregs Mållag!

Om nokon tok oppfordringa på alvor den gongen veit vi ikkje. Men sidan Noregs Bank er i gang med å samle inn dei siste 1.7 millionar setlane kan historia vere vert å hugse.

Om du vil markere avslutninga med Aasmund Olavsson Vinje på originalt vis, er det framleis mogleg å sende 50-lappen til Noregs Mållag. Då med garanti om at den vert brukt til aktuelt målarbeid.

Det er på tide å få ein ny markant nynorsking på ein av dei norske setlane. Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, har denne favorittlista:

Ivar Aasen
Halldis Moren Vesaas
Arne Garborg
Olav H Hauge
Olaug Nilssen


Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no