Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

La barna lære nynorsk først

 (15.01.2008)

"I desse dagar gjer mange foreldre eit val som har mykje å seie for barnet sitt. Dei som blir seks år i år skal skrivast inn i skulen nå i januar. I samband med dette skal det veljast målform. Gjer frå starten det journalist og målprisvinnar Espen Fiveland fann ut av etter kvart. Hjelp barna til den enklaste vegen - la dei lære nynorsk først", skriv Audun Rake, leiar i Strand Mållag i lokalavisa Strandbuen.

"I langt meir enn hundre år har norsk språk framstått i to likeverdige og likestilte former. Ja, mange meiner at jamstillingsvedtaket som blei fatta av Stortinget i 1880-åra var eit viktig ledd i det å bygge Norge som eigen nasjon fram mot 1905.

I vår språkdelte kommune er det slik at opp mot 90% av talemålet ligg nærast nynorsk, og det er eit uttalt mål at begge målformene skal ha ein sterk posisjon i skulen her. Difor: Ta vare på dei beste mulighetene – velg nynorsk først for barnet ditt!

Talemålet gir identitet og tilhøyring, gir grunnlag for det trygge og stolte. Den største språklege utfordringa er engelsk, presset derfrå er stort og aukande. Skal me ha sjanse til å stå imot og berge plassen for eit norsk språk på lang sikt, er det ein kjennsgjerning - så seier språkforskarane – at nynorsk må ha ein solid plass.

Meir frå forskarane ? Det høyrest kanskje rart, men undersøkingar viser at dei som lærer nynorsk først får betre resultat i skulen, og det ikkje berre i norskfaget. Mange i vil innvende at nynorsk er så vanskeleg, kan ikkje dei små sleppe dette? Bokmålet glir lett i øyra, omgir oss overalt. Mest umerkeleg finn det plass i ryggmargen. Kanskje dette er viktigaste grunnen til at bokmål synest lettare? Mange fag i skulen er vanskelege, men må vere der. Det same gjeld for norsk – og i opplæringsplanane er altså begge målformene med.

Jørpelandsguten Espen Fiveland valde bokmål då han kom på ungdomsskulen. Angra han på det? Kanskje det, kva veit eg. I alle fall kom han har seinare på betre tankar, det er hans eigne ord, og er i dag ein profilert mål-brukar på ”TV 2 Nyhetskanalen”. Det var for dette han fekk målprisen i 2007.

Gjer frå starten det Espen fann ut av etter kvart. Hjelp barna til den enklaste vegen - la dei lære nynorsk først."


Tau, 3. januar 2008
Audun Rake
Leiar i Strand mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no